Ut med språket!

Sted Litteraturhuset, Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen

Hjemmeside

kl. 19:00 - 20:00, Auditoriet

Ut med språket! er Litteraturhuset sin språkserie der Gunnstein Akselberg og Linda Eide tek opp mange og ulike sider ved norsk tale- og skriftspråk. Innhaldet er overraskande og underhaldande, med ein fot i historia og ein fot i notida. Her er aktuelle tema, ordforklaringar, språkblomar, ord og uttrykk, lokale raritetar og ikkje minst ordduellar med overraskingsgjestar. Det er også mogeleg for publikum, via epost, å senda inn spørsmål som kan bli tatt opp i programmet. Språkserien går ein gong om månaden.

Gunnstein Akselberg er mellom anna kjend frå radioprogrammet Språkspalten og Linda Eide frå fjernsynsserien Norsk attraksjon.

Elektronisk adresse: utmedspraaket@litthusbergen.no

75/45,– (stud.)