Lørdagsklassikeren: Med tigeren og bjørnen til Panama

Sted Litteraturhuset i Oslo

Hjemmeside

«Veit du kva som hadde vore den største lykke på jord?» sa den vesle tigeren.
«Rikdom. Då kunne du ha kjøpt to aurar til meg i dag. Aure er liv- og yndlingsretten min, nemleg.»

Den vesle tigeren og den vesle bjørnen har blomkål i hagen, men får ikkje fisk på kroken. Dei bestemmer seg for å leite etter ein skatt så dei kan bli rike og kjøpe aure. Men kor finn ein skatten? I jorda, skogen eller på landevegen?

Forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen er skrivne av ein av dei mest kjende tyske barnebokforfattarane: Janosch. No les forteljaren Lise Grimnes ei av dei klassiske historiene om ein heilt særeigen venskap. Passar best for barn frå tre år.

Det er lesestund både kl. 12.00 og kl. 13.00.