Berg,Sunniva-Relling-foto_ToveKBreistein

Bokhandelens barnebokstipend til Sunniva Relling Berg

boknett

I grunngjevinga frå juryen i  Norske Barne- og ungdomsbokforfatteres (NBUs) litterære råd heiter det: «Med sin andre bok, Beina i gitaren, frå 2013, viser forfattaren at ho er komen for å bli. Denne gongen gjorde ho det vanskelegare for seg sjølv, med ein tekst og eit språk som var meir utfordrande enn debutboka. Men Sunniva Relling Berg landar med begge beina på jorda også denne gongen, og boka er blitt eit fascinerande bilete av ei jente som er i det som kan kallast eit ekstremt ungdomsopprør.»

Sunniva Relling Berg (1988) kjem frå Ålesund. Ho debuterte i 2011 med den kritikerroste ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. Ho vann også Stiftelsen Kjell Holms kulturpris på 300 000 same året.
 
Stipendet er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeninga og NBU. Det er NBUs litterære råd som bestemmer kven som får stipendet, som er finansiert av Bokhandlerforeningens medlemmar. Stipendet vart delt ut under lanseringa av tXt-aksjonen under Oslo bokfestival, med over 200 skuleelever tilstades.

Pressemelding: Samlaget