Historikk

19.02.2009

I løpet av nokre hektiske månadar i 1984 bestemte ei lita gruppe visjonære systemutviklarar og bibliotekarar i Forlagsentralen ANS seg for å bygge Europas beste bokdatabase. Dei ønskte seg ei elektronisk løysing som gav alle aktørar i bokbransjen full oversikt på utgitte titlar og kor frå dei kunne bestillast. Alt for å gi kunden betre service — og samtidig utnytte meirsalssjansane — eller den lange halen - som følgjer med oversikt på informasjon.

Ei prosjektgruppe på 10 bibliotekarar blei sett i gong for å digitalisere metainformasjon om bøker, lydbøker, spel, kart og andre bokliknande varer. Eitt år seinare var Den norske Bokdatabasen på lufta. Forlag og bokhandel rundt om i landet kunne for første gong gjennomføre elektroniske søk og bestilling av bøker over nett. Løysinga gjorde bokbransjen elektronisk 10 år før internett var ein realitet.

Utgivarar som ikkje representerte metainformasjon om titlane sine i digital form lærte snart at den digitale utfordringa stoppa vidare distribusjon og sal av boka. Alternativet dei stod tilbake med var å gå frå dør til dør i bokhandelen med bøker under armen.

Bransjen som heilhet lærte like snart at informasjonen om bøker ikkje var verdt noko så lenge den ikkje var rett. Den digitale realitet krev kvalitet i datagrunnlaget for å stille ut ei vare og gjere den kjøpbar over nettet. I løpet av to år samla bok-Norge seg i Den norske Bokdatabasen og la grunnlaget for eit nær permanent konkurransefortrinn i høve til andre bransjar. Den førte etter kort tid til at manglande og fragmentert bibliografisk informasjon og handelsinformasjon om bøker blei samla ein stad. Og vidareutvikla.

Ettersom kvalitetssikra digital meta-informasjon om bøker blei stadig meir etterspurt — og stadig viktigare i bransjestrategiske samanhengar - dei seinare åra - melde det seg eit behov for å utvide eigarskapet til Den norske Bokdatabasen®. Forlagsentralen ANS tok derfor saman med sine eigarar (Gyldendal ASA og H. Aschehoug & Co (W.Nygaard) initiativet til å skilje forretningsområdet FS Informasjonstjenester ut i eige selskap — og deretter invitere til eit breiare eigarskap. Resultatet er at nyskapinga Den norske Bokdatabasen as i praksis er blitt ei bransjesatsing.

tilbake