Bokbransjen går saman om distribusjonsløysing for ebøker

27.05.2009

(Pressemelding 27.05.09) Bokbransjen ønskjer å tilby norske lesarar eit breiast muleg utval av ebøker. Derfor blir det nå etablert ein digital distribusjonssentral. Løysinga skal sikre rik tilgang på norsk litteratur på nye format og i nye kanalar, og blir eit viktig verktøy for å oppretthalde gjennomslagskrafta til det norske språket i den digitale kvardagen.

Løysinga er open for alle norske forlag og bokhandlar/nettbokhandlar, og skal sikre at alle har sjansen til å delta i utviklinga av ein marknad for ebøker.

Den nye distribusjonssentralen blir lagt til Den norske Bokdatabasen as (DnBB). Dermed bygg bransjen vidare på dei arbeidsrutinane og dei tekniske løysingane som i dag fins for bokinformasjon. Dette systemet sikrar i dag at det fins informasjon om over 60 000 norske titlar frå om lag 950 forlag i bokhandel og på nett, og bidrar sterkt til at norsk bokbransje er mellom dei mest effektive i verda. Samtidig sikrar ordninga norske forlag full distribusjon av bokinformasjon gjennom bokhandelsleddet til boklesarane.

Med desse grepa meinar norsk bokbransje at det på sikt blir muleg å tilby eit ebokutval som kvalitetsmessig vil likne det bransjen tilbyr på tradisjonelle format. Samlinga rundt ei bransjeløysinga for distribusjon av ebok blir dermed eit viktig verktøy for å oppretthalde breidda i norsk litteratur i framtida.

Målsettinga er at bransjeløysinga skal vere på plass i løpet av fjerde kvartal dette året.

Rollefordeling:
Bransjeløysinga for ebøker blir integrert mot bransjens eksisterande datasystem hos forlag, distribusjonssentralar og bokhandel/nettbokhandel.  Forlaga leverar ebøker til distribusjonssentralen hos DnBB. Ebøkene blir gjort tilgjengeleg på internasjonale format (EPUB og PDF). Det blir opp til det enkelte forlaget å bestemme om den enkelte boka skal ha DRM, ingen DRM, eller vassmerking.  Alle forhandlar som ønskjer å selje ebøker kan kople netthandelsløysinga si mot distribusjonssentralen.

Bak Den norske Bokdatabasen as (DnBB) står Cappelen Damm, Gyldendal ASA, Aschehoug, Sentraldistribusjon, Forlagssentralen, Thanke Retail/Libris, Senterbok/Notabene, Ark, Norli, UNIPA, Haugen Bok, Tanum, og Fri Bokhandel. DnBB blei starta 1.1.2007.

Kontakt :
Prosjektleiar Edmund Austigard, Den norske Bokdatabasen as.
Mobil:   48 20 13 20