Skrivekurs med Bente Bratlund

Sted Øygardsbiblioteka, avdeling Straume, Sartor Storsenter, Sartorvegen 12

Hjemmeside

3 dagars skrivekurs for dei som ynskjer å formidle ei historie eller som arbeider med sjølvbiografiske og biografiske skriveprosjekter, enten det dreier seg om blogg, slektshistorie, eller skriving brukt som terapeutisk verktøy.
Bente Bratlund vil fokusere på ulike skriveteknikkar og innfallsvinklar, men vil og leggje vekt på kva det er mogleg å lære om seg sjølv ved å jobbe med livshistoria si.

Kurset vil gå over tre kveldar på Øygardbiblioteka, avdeling Straume, det vil være tilrettelagd for rørslehemma og vil gjennomførast om råda om smittevern til offentlege myndigheiter tillet det.