Nye bøker

Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen : gladkrim

Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen : gladkrim

ISBN
9788293138150
Innbinding
Heftet
Type
Krim / spenning
Forlag
Fikenbladet.no

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då hun må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader, vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag.
Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen, rømmer dei frå staden.
Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Ulrikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane opp til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det også ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar.
Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.

Audun Stølås (72) bur i Indre Arna i Bergen. Han har i 34 år vore journalist og høgskulelektor. Dette er den 18. boka han gjev ut.