Nye bøker

Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940

Slaget i Gratangsbotn 25. april 1940

Husby, Helge

ISBN
9788299948029
Innbinding
Heftet
Type
Historie
Forlag
Fosna kulturverkstad

Den 25. april i 2015 var det 75 år sia dei rundt 745 ungdommane frå Nordmøre og Trøndelag slost med den tyske krigsmakta i Gratangen i Troms.
Historia har vore fortia. Dei som var med, snakka veldig lite om det som skjedde. Somme følte «skuld» for at dei sjølve levde - og andre døydde. Det var dei som kjente på at dei måtte overgje seg til tyskerane for å berge livet - og ikkje kjempe vidare for Norge. Og andre kunne bebreide seg sjølve for at dei ikkje greidde å stå i kampen, men kom seg unna - og dermed berga livet. Avisene hadde overskrifter som «Guttene blev overrumplet om natten og hadde ingen chanse» - «Trønderbataljonen tatt på sengen» osv. Dette kom oppå kjenslene dei strevde med frå før.
Denne historia er først og fremst fortalt gjennom dei 37 frå Tingvoll kommune som deltok, men også dagbøker til soldatar frå fleire stader på Nordmøre og Trøndelag er lagt til grunn.