Nye bøker

Bolette C. Pavels Larsen : litterær pioner og føregangskvinne

Bolette C. Pavels Larsen : litterær pioner og føregangskvinne

ISBN
9788279593584
Innbinding
Innbundet
Type
Biografier / memoarer
Forlag
Skald

Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) var ei av få aktive litterære kvinner i si samtid. Ho var både kritikar, forfattar, omsetjar, opplesar, feminist og målkvinne. Som omsetjar introduserte ho sentral nordisk litteratur for det norske folket, og som uredd og skarp hovudkritikar i Bergens Tidende gjennom 25 år vart ho ein av Nordens mest kjende og respekterte litteraturkritikarar.

Bolette utveksla hundrevis av brev med forfattarar som Arne og Hulda Garborg, August Strindberg, Georg Brandes, Amalie Skram - og ikkje minst hennar beste ven og største beundrar, Knut Hamsun. Gjennom den nære og personlege korrespondansen kjem vi tett på pionerane for den moderne nordiske litteraturen og får eit unikt innblikk i den spennande litteraturhistoriske perioden som Bolette C. Pavels Larsen var ein sentral del av.