Nye bøker

Liv, eg har drukke

Liv, eg har drukke

ISBN
9788282885553
Innbinding
Heftet
Type
Lyrikk, norsk og oversatt
Forlag
Flamme

Diktsamlinga Liv, eg har drukke leitar i ord og verseliner, minne og bilete etter ein lyrisk kjærleik. Kva andar enno i dikt skrivne for over eit hundreår sidan? Kvar må ein gå for å høyre den daude syngje?

Falle inn i orda dine

som utfor ein skrent,

som eit tre i stormen

dreg med seg grunnen

og alle røtene,

sperrar vegen,

opnar landskapet

for ny skog,

for neste vår.