Nye bøker

Aurefiske i Eigerøy : noveller

Aurefiske i Eigerøy : noveller

ISBN
9788293903697
Innbinding
Innbundet
Type
Romaner
Forlag
Svein Sandnes bokforlag

Tittelnovella "Aurefiske på Eigerøy, ei øy like ved der forfattaren bur, er tileigna forfattaren Richard Brautigan (1935-1984), kjend for romanen "Trout fishing in America frå 1967. Eg-personen er som oftast aleine på fiskeplassen sin på Eigerøy, men treff to gongar ein utlending som kallar seg Ricard Troutigan. Avskilen med mannen syner at han har overnaturlege eigenskapar...
Dei tolv andre novellene i boka tar oss med til andre stader i verda. Til ein konferanse ved University of California midt på åttitalet, til ein bananplantasje på Kanariøyane og til den tidlegare sjømannen Spyros på ei gresk øy.
Også persongalleriet til Lorentzen er mangfaldig: Studenten som etter to veker på søppelbilen presenterast i hyhenda i fjernsynet som ein nyskapande og original forfattar, journalisten som vitjar ein maisplantasje, som får ein uventa slutt. Mannen som går ghjennom huset som skal rivasst, og som han med sin familie har budd det meste av livet i og den tidlegare læraren som ikkje likar seg på gamleheimen, og finn ein utgang.