Nye bøker

Trekkje seg attende, snøstrimestilt

Trekkje seg attende, snøstrimestilt

ISBN
9788294055036
Innbinding
E-bok
Type
Romaner ebøker
Forlag
Måken forlag

Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?

Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.

Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med Finna kyrkjedøra i meg (2018), og har sidan gjeve ut bøkene Å bera nakne nyklar (2019) og Og prosjekta skal bleikne (2020). Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.